ORG.NR 919 666 900
FølgBrekkegarden AS
- Aktivt
- Sande
Eldre år hentes i løpet av de kommende ukene.
Oversikt
Årsresultat −2k kr
Bransjemedian 4,5 %
Signaler
- Negativ egenkapital i 2025
- Omsetningen har falt to år på rad
Siste hendelser
Endring i styret registrert
RollerPlassering i bransjen
Andre helsetjenester · regnskapsår 2025
Lignende selskaper
Helsetjenester
Om selskapet
Eigar av selskapet skal fasilitere aktivitetstilbod knytt til natur, kunst og helse, i tilknyting til den daglege drifta av småbruket Brekkegarden. Vi skal tilby og utvikle helsefremjande aktivitetar for alle aldersgrupper. Frå hausten av startar eit dagaktivitetstilbod for heimebuande demente. Vi arbeider med å skape eit meistringstilbod for born og unge, og vi arrangerar kunstnarverkstadar. Garden er ein møtestad for frivillig aktivitet, gjennom at huset står til disposisjon for frivillige grupper som driv helsefremjande aktivitet. Det skal også etablerast andelslandbruk ved garden. Brekkegarden er NaKuHel-gard. NaKuHel står for Natur, Kultur, Helse, og er ei stifting etablert i 1994. Stiftinga har som mål å stimulere til større heilskapstenking og kreativitet rundt helsefremjande arbeid. NaKuHel-gardane jobbar for å styrke samarbeid mellom praksisfelt og akademia, gjennom å legge til rette for forsking og utvikling av nye nettverk. NaKuHel-gardane skal vere synlege aktørar i lokalt folkehelsearbeid, og pådrivarar i opinions- og haldningsskapande arbeid.
Selskapet er tufta på aktivitetar forankra i helse, natur og kultur, og verksemd som naturleg høyrer inn under dette. Verksemda omfattar òg sal av gardsprodukt, utleige og turisme.
Sist oppdatert fra Enhetsregisteret 22. september 2026.